Nettstedsinnhold

Kortreist ferie

image1

Kortreist ferie uten skam

Les mer

Flyskam

image2

 Flyskam var ett av årets nyord i Sverige i 2018 og i løpet av 2019 har flyskammen spredd seg for fullt også til Norge. 

Les mer

Blogg

image3

Blogg om klima og miljø.

Les mer

Kortreist Ferie

image4

Ferie utan skam

Flyskam er jo ikkje akkurat noko kjekt å ha når du skal slappa av,  kosa deg eller festa vilt på ferie. Eit godt råd er å kvitta deg med  flyskammen og erstatta den med noko anna før du reiser. 


Du kan tenkja korleis kan ferien min bli bra utan eg treng tenkja på eit stort klimaavtrykk. Her finst det mange ulike løysingar. Du må velja ein som  passar for deg evt. resten av familien din og evt vener. Så snakk i lag  om kva det viktigaste med ferien for deg eller dykk er. 


  • Det mest radikale er å sløyfa heile flyreisa og kanskje sløyfa all langdistansereise. Bli heime i lag med vener og eller familie. Det kan vera mykje kjekt å gjera om du har nokon å dela tida med og kanskje har  planlagt litt aktivitetar utanom det vanlege. Googla lokalområdet kan vera ein ide. Kva skjer i min by og nabokommunane. Så kan det bli både  kajakk, paintball, hinderløyper og lokal flørt for dei som er der. Ikkje ver lei deg om det regnar eller er surt. Ha i staden klar eine plan om kva de kan gjera ute likevel og kva som kan vera kjekt å gjera inn. 


  • Ved lengre reiser, vurder om du og dei du skal reisa med kan bruka anna  transportmiddel enn fly. Ei reise frå Oslo til Stavanger med familien kan gjerast med tog i staden for fly. Bestill i god tid plass på  familevogna og gjer sjølve reisa til ei god ferieoppleving. Det går å  både sjå film, spela, lesa, leika på leikerommet (for ungane helst) og gå i matvogna. Me har det elles så travelt at det meste må skje så fort  som mogleg. Prøv heller å innta ei rolegare haldning i ferien så har du  kanskje tid til å bruka lenger tid på reisa. 


  • Ei anna måte å løysa lengre reiser på er å leggja inn fleire delmål på turen. Det kan  vera å reisa med bil og stoppa på ulike plassar og overnatta. Det kan  vera å stoppa på campingplassar, parkar (t.d. Dyreparken), andre  attraksjonar, vener og familie som bur eller har hytte på vegen. Slik  blir igjen reisa ein viktig del av ferien. Kanskje du skal ta ei anna  ruta heim igjen slik at det blir andre stopp på heimvegen.  


  • For  ein del av oss er det slik at me berre må ned i varmen i ferien. Korleis kan me då kvitta oss med skap og dårleg samvet. Du kan i forkant  vurdera om du denne gongen kan reisa noko kortare med fly. Kanskje  målet ikkje treng å vera fult så langt unna. Kan du finna lukka nærmare  enn Thailand, Vietnam og Filipinene? Kan du leva lukkeleg utan å reisa til California, Brasil, Tanzania, Sør-Afrika eller Australia. Jo meir du kan kutta i reisa og likevel ha ein fin ferie jo stoltare kan du vera  av valet ditt. I staden for Vietnam, kan Kreta frista? I staden for Split, kan Danmark frista? 


  • Så er det jo slik at ingen plassar  er like og nokon av oss har forelska oss i fjerne himmelstrok. Det kan òg vera at du skal vera forlovar i Australia eller skal besøka familie i  Argentina. Så lange flyreiser vil det jo vera. Då kan me jo utnytta reisa maksimalt ved å vera vekke lengst mogleg. I staden for 7 dagar så  tek med 4 veker på reise i Oseania eller Sør-Amerika når me fyrst har teke den lange reisa. Så kan me prøva å drøya det litt lenger med å reisa neste gong. I staden for to reiser i året til Vietnam så tek du ein eller i staden for eine gong i året så tek du turen anna kvart år. Så færre lange flyreiser og kompenser med å vera mykje lenger tid vekke  når du fyrst dreg. 


Gjer du noko av dette, så ver stolt. Det er viktig at du skryt av ferien

dinvala dine mtp opplevelsar og transport til deg sjølv og andre. 

Me påverkar alltid kvarandre og kanskje du kan vera med å få fleire til å gjera som deg og vera stolt av det.

Bør man føle flyskam?

Nye ord

Flyskam var ett av årets nyord i Sverige i 2018 og i løpet av 2019 har flyskammen spredd seg for fullt også til Norge. Ikke nok med det i tillegg lider vi av kjøttskam, cruiseskam, oljeskam og generell reiseskam. Denne skammen er også i ferd med å bli et global. Et søk "Flight Shame" gir over 40 000 treff på google. 

image5

Hvor mye forurenser egentlig et fly?

En flytur  t/r mellom Oslo og Bergen på økonomiklasse fører til utslipp av 243kg CO2-ekvivalenter pr passasjer. En flytur t/r mellom Oslo og Nice fører til utslipp av 746kg CO2-ekvivalenter. Velger man derimot å legge ferien til Thailand og flyr t/r Oslo-Bangkok på businessklasse er utslippet hele 6300kg CO2-ekvivalenter. (Alle tall er hentet fra myclimate).


Til sammenligning genererer hver EU-borger gjennomsnittlig et årlig utslipp av 8400kg CO2-ekvivalenter. En gjennomsnittlig bensinbil med årlig kjørelengde på 15 000km vil generere et årlig utslipp av 3000kg-4000kg CO2-ekvivalenter.

image6

Bør man skamme seg når man flyr?

Skal vi nå klimamålene haster det med å få ned utslippene av klimagasser. Det er klart at å fly mindre er et av de største tiltakene hver enkelt kan gjøre for å minske sitt eget klimaavtrykk. Om man ikke nødvendigvis bør skamme seg når man flyr kan det iallefall være lurt å tenke seg om to ganger før man bestiller neste flytur. Kanskje man bør vurdere en kortreist ferie neste gang?